Knut Bergli i Barne- og Ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag informerer om at det frå klokka 14:00 i ettermiddag blir mogleg å gå på skeiser på Todalen Idrettslag sin skeisebane på Bordholmen stadion.
Knut Bergli og Finn Ranes har dei siste dagane, etter at det kom kuldegrader, arbeidd med å legge is på idrettslaget sin skeisebane på Bordholmen stadion. No er nesten heile skeisebanen islagt og klar til bruk. Det er berre eit lite område av banen der det framleis ikkje er mogleg å gå på skeiser, men her pågår vatning no for fullt. Så om