Dei siste dagane har det vore kantrydding etter FV671 frå Todalskrysset og retning Todalen. Det er Skog-Kompaniet som har jobben med kantrydding langs fylkesvegen og brukar ein stor traktor med hogstaggregat, kran og flishoggar.
Det er mykje hjort og anna vilt langs vegen innover til Todalen, og dette har ført til mange påkjørsler og enda fleire nestenulykker på vegstrekninga. Det hjelper nok godt å rydde vegkantane og lage betre sikt for trafikkantane.
Det er Svein Ove Holten frå Skog-Kompaniet som sitt bak rattet på maskina, og den handterer lett krattskagen langs vegen og flishoggaren sørger for at krattet blir til flis som blir spruta ut på vegkanten. Holten fortel at Skog-Kompaniet skal rydde heile vegen innover frå Todalskrysset og til krysset opp til Hjellnes – altså innom Svinviktunellen.