Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skal varme seg på grunnvatnet

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. mars 2018

På Bruset går det grøfter på kryss og tvers gjennom gardstunet og utover til elva uti Hagan.  Onsdag før påske stoppa vi for å høre litt om kva som foregår og kvifor Per Gjeldnes Maskin lagar så djupe grøfter? Ikkje heilt uventa så dreier det seg om å hente ut varme…

Ola Dalsegg og Per Gjeldnes er klare for å legge ned røra. ¤50 meter skal ned i grøftene som går heilt ned til grunnvatnet. Foto: Jon Olav Ørsal

sla

Og det er varmen frå grunnvatnet dei skal nyttegjera seg til oppvarming av heile huset på Bruset. Da ungfolket, Marit og Ola, tok over gardsbruket, sette dei i gang storstila renovering av våningshuset. Her har dei fleste romma fått nye golv og moderne vassbåren varme. Og varmen kjem nettopp frå dei djupe grøftene, der vi når tak i grunnvatnet, fortel Ola Dalsegg.  Grøftene er såpass djupe at dei er frostfrie, og her er det lagt ned eit par sløyfer med plastrør som skal sirkulere og transportere varme frå grunnvatnet og inn til varmevekslaren. Dermed kan vi nyttegjera oss denne varmen heile året og få ei mykje meir effektiv utnytting av straumen som går med til å produsere og distribuere varmen til oppvarming av alle golv i huset.

I heile vinter har det vore jobba med restaurering og våningshuset, og no gler vi oss til å flytte inn i løpet av våren eller for sommaren når handtverkarane blir ferdige, seier Ola Dalsegg.  Gravinga var imidlertid ikkje heilt problemfri etter som ein kom i konflikt med telen, men nå er grøftene ferdige, og det er berre å starte arbeidet med å legge rør og fylle igjen grøftene.

Per Gjeldnes Maskin sørga for djupe grøfter ned til grunnvatnet. Foto: Jon Olav Ørsal

her er det klart for å legge rør – rørene skal transportere varme frå grunnvatnet – inn til varmevekslaren. Foto Jon Olav Ørsal

450 meter plastrør skal sørge for å transportere varme frå grunnvatnet inn til varmevekslaren i kjellaren – herifrå skal varmen spres til alle golv i våningshuset på Bruset. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 31. mars 2018, 10:59