Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skal sikre drifta når straumen er borte

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2024

Surnadal kommune, teknisk drift, er i gang med oppgradering av Bjøråa vassverk.  Vassverket får no eige straumagregat for sikring av vassleveransen, og agregatet vil få eit eige hus som eit tilbygg til den tekniske installasjonen.  I dag er teknisk drift i gang med å sette opp eit elementbygg som altså skal huse agregatet.

Element til agregathuset er bygd på avdelinga for teknisk drift i kommunen. Foto Jon Olav Ørsal

Agregatet er diseldrevet, og har automatisk start, og leverer ein effekt på 6,3 kW i 230 volt. Når det blir straumutfall vil agregatet starte automatisk, og sørge for strumforsyning til renseanlegg og pumpe.  Dermed blir vassverket sikra leveranse ut til abbonnentane, fortel Per Ivar Sylte frå teknisk drift. 

Straumagregatet som skal sørge for vassleveransen ved eit eventuelt straumbrot. Det har ein effekt på 6,3 kW og startar automatisk ved straumbrot. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. juni 2024, 08:42