SK maskinlag har farta rundt omkring heile Nordmøre for å grave ned fiberkabel til telefonnettet. Dei gamle kopparkablane blir no innhenta av tida og er ikkje raske nok for den store datatrafikken i telefonnettet. Akkurat no er Svein Nærum og Lars M. Holten i sving med å leggje ned rør for fiberkabel frå sentralen ved Ørsal og til Netcombasen som står på fjøstaket i Nestua på Halset.
Heile mobilnettet skal oppgraderast til 3G, og dei starta jobben med kabelleggjing for 2-3 år sidan, og skal fortsette med det til alle basestasjonar har fått fiberoptiske kablar. Dei starta utmed Krisfast og har lagt kabel til Trøndelagsgrensa både i Surnadal og Sunndal. I løpet av hausten vil basestasjonen på Halset bli utskifta, og da vil nok todalingane merke forskjell når dei skal laste ned nyheiter frå Todalen.no på mobilen.
Men kabelgraving er resikosport. Det fikk også karene frå SK maskinlag erfare. Dei var fullstendig klar over at dei grov i eit område med opptil fleire kablar i jorda, og var utruleg forsiktig. Men ei lita stund etter at Todalen.no var der, så vart det forunderleg stille på telefonen. Da hadde det nok skjedd likevel. Så kabelbrudd mellom sentalen på Ørsal og basestasjonen til NetCom på Halset er årssaka til at «summetonen» manglar.