På Brusetsia av Brusetbrua er det ein skade på brukaret, der noko av fyllinga har rasa ut, og rekkverket henger i lause lufta. Det ser ikkje ut som det er nokon umiddelbar fare for meir skade, og skadestaden er godt merka av Mesta.
Men det lønner seg å være litt oppmerksam dersom du fer til fot over brua, slik at du ikkje havnar utfor i mørket. – Vi reknar med at skaden blir utbetra med det første, men har ikkje vore i kontakt med Mesta om saken.