Måndag var det feiring av 96-årsdag på Stangvik aldersheim. – Margrete Hals er født på midtvintersdagen 12. januar i 1919, og kunne dermed feire 96-årsdag saman med venner og tidlegare kollegaer i dag. Dei fleste av oss kjenner nok Margrete frå Halsbua, der ho hadde mange år attafor disken.

Butikkdamer på rekkje og rad: Liv Jorunn B. Moe, Åse V. Redalen, Berit Kårvatn, Margrete Hals og Ester Karin Larsen. Framfor Einy R. Elgsæther. Foto: Terje Nordvik
No nyter ho altså sitt otium på Stangvik aldersheim, og fikk burdagsbesøk frå Todalen – både gamle vener og tidlegare kollegaer frå Halsbua. Dermed vart det både kaffelag med blautkake og sjølvsagt litt mimring frå gamle dager attafor disken på Halsbua. Vi stiller oss i rekkja av gratulanter!

Kaffelag høyrer med på slike dagar. Frå venstre Åse Redalen, Oddrun Ørsal, Terje Nordvik, Berit Kårvatn, Liv Jorunn B. Moe og Knut Halset. Foto: Einy R. Elgsæther

Tre søstre på jubileum – frå venstre Einy R. Elgsæther, Ester Karin Larsen og Brynhild Finnøy. Foto: Terje Nordvik