I dag hadde Sjøulken (Johan Birger Rangnes) teke oppstilling utanfor Matkroken Todalen for å selje ferske delikatesser frå havet. Noko av det han selde var sjølvfiska og andre ting hadde han fått tak i frå andre fiskarar/fangstmenn. Johan Birker kunne fortelje at han tek sikte på å ha utsal i Todalen kvar månad framover, så da ser det ut til å bli mogleg å få kjøpt fersk sjømat i tida som kjem.
Frå torsdag – laurdag komande veke skal Johan Birger, saman med andre lokalmatprodusentar som Lia gard, Vårpå og Bian honning delta på varemesse i Røtet i Surnadal. Messa blir arrangert av Byggmakker Surnadal, Hageland Surnadal, Sveen Auto AS, Rørsørvice AS og Trollheimen Treningssenter.
Vareutvalet til Sjøulken er:
- Hvalkjøtt – frå Hopmark Havfiske
- Torskeskiver naturell – frå Strømsholm
- Bacalao klippfisk – frå Strømsholm
- Klippfisk Loins – frå Strømsholm
- Klippfisk skinn og benfri – frå Strømsholm
- Gammelsalta sei (5 kg.) – Frå Veidholmen fisk
- Lettsaltet torsk – frå Strømsholm
- Røkt torsk – frå Strømsholm
- Lettsaltet uerfilet – frå Strømsholm
- Torskefilet beinfri – frå Strømsholm
- Kveiteskiver – frå Strømsholm
- Kveitefilet – frå Strømsholm
- Breiflabbfilet – frå Stømsholm
- Seifilet skinn- og beinfri – frå Strømsholm
- Krabbeklør – frå Sjøulken
- Fylte krabbeskjell hvitt kjøtt – Kongshaug krabbe
- Sjøkreps fryst rå små – frå Sjøulken
- Sjøkreps fryst rå medium – frå Sjøulken
Johan Birger og Sjøulk tek òg i mot bestillingar på telefon/SMS 952 13 473 eller mail til johan.rangnes@outlook.com.