Dei som ikkje har symptom, men som ønskjer å ha ein test liggande heime på lur, må kjøpe seg sjølvtest på apoteket.
Frå 1. november blir teststasjonen ved legesenteret sett på pause og stengt for bestilling av koronatest. Dersom smittesituasjonen tilseier det, eller ved større smitteutbrot, vil teststasjonen bli opna att.
Ved behov for helsehjelp skal du ta kontakt med fastlege som før.
Symptom på luftvegsinfeksjon kan starte med vage symptom som for eksempel hovudverk og tett nase, eller meir klassiske symptom på influensa som feber, hoste, sår hals og nedsett allmenntilstand. Symptoma kan vere teikn på covid-19. Informasjon frå Folkehelseinstituttet som forklarar når du skal halde deg heime og når du kan komme på jobb/skule/barnehage finn du her.