Fredag vart det ein tynn inssnerk på Todalsfjorden. Nokre få minusgrader var nok til at det la seg is på fjorden, og ganske langt utover. Det er nok litt tidleg å finne fram sparken og pilken for å dra utpå for å fiske, men det er iallfall eit tegn på at ei ny årstid er like rundt hjornet. Men isen blir nok ikkje liggjande, for det er meldt vind frå søraust på langtidsvarselet på yr.no og da blir det nok berre gjesteopptren denne gongen.

Ei tynn issnerk hadde lagt seg langt utover fjorden. Med landvind og varmegrader i fleire dagar framover vil nok isen forsvinne like fort som den kom. Foto: Jon Olav Ørsal
På YR.no er det meldt temperaturar mellom 3-6 plussgrader og vind frå søraust på mellom 2 og 4 m/sek i heile 10-dagarsperioden, -men ingen nedbør.