Laurdag 24. november er ein dag alle jaktinteresserte må merke seg. Da arranger nemleg Surnadal Jeger og Fisk i samarbeid med avisa Driva ei gevirutstilling i Todalen ungdomshus, der det er muleg å få bedømt gevir av elg, hjort, rådyr og villrein. Har du eit flott gevir «på lur» og er litt i tvil om kor mange poeng det kan skåre, så ta det med og kom til Todalen ungdomshus der det er utstilling mellom 10 og 16.

Du kan kome med gevir både av villrein, elg, hjort og rådyr for å få dei bedømt. Du kan også ta med «raritetar» av gevir for å vise på utstillinga. Vi trur det blir mange gevir å sjå, seier Nils Gjeldnes i SJFF til Todalen.no. Foto: Jon Olav Ørsal
Det er no 12 år sia sist at Driva var med på eit slik opplegg som vart arrangert på Sunndalsøra. No skjer det altså igjen, og det i samarbeid mellom Surnadal Jeger og Fisk og Driva. Det er Nils Gjeldnes og Ragnar Halle som representerer Surnadal Jeger og Fisk og som i forkant av utstillinga tek i mot gevir til bedømming. Det er denne gongen oppdalingen Øyving K. Veskje som skal være dommar. Veskje har lang erfaring som dommar, og gler seg til å kome til Todalen som gevirdommar. Det er Nils Gjeldnes som tek i mot gevir til bedømming i forkant av utstillinga og det er berre å ta kontakt og avtale på telefon 986 59 506. Nils håpar at dei som bur i nærleiken kan levere inn gevira litt i forkant, medan langvegsfarande kan kom på utstillingsdagen, så tidleg som muleg på dagen, og da skjer det altså i Todalen ungdomshus i Todalen.

Her i annonsen kan du lese om detaljane når det gjeld utstillinga og dømminga av gevira. (annonse i Driva onsdag 31.10)
Les også kva Driva skriv om dette på sine nettsider – Driva.no og sjå detaljane kring dette i annonsen som og ligg her på Todalen.no

Flotte gevir: Nils Gjeldnes og Ragnar Halle viser fram nokre av dei mange flotte – og nokre rare gevir – som blir vist i Todalen ungdomshus, laurdag 24. november. Foto: Sigmund Tjelle