På Surnadal kommune sine heimesider, kan vi lese at Surnadal kommune og Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) fredag signerte ein avtale avtale om drift av eigedomen Vaulen på Nordmarka. Det var ordførar Hugo Pedersen og leiar i SJFF Turid S. Eggen som signerte avtalen.
Vaulen ligg i eit statleg sikra friluftslivsområde på over 7000 dekar. Med 20 sengeplassar og tilgang til båt og kanoar, har Vaulen i alle år vore eit populært friluftslivsområde for skulane. I tillegg har Vaulen vore vore sporadisk utleigd til privatpersonar og bedrifter opp gjennom åra. – Surnadal kommune ønskar ei berekraftig forvaltning av Vaulen og ei drift i tråd med intensjonane for området. Tida var inne for å få på plass ein ny driftsavtale, og vi er veldig fornøgde med at Surnadal jeger – og fiskeforening no overtar den daglege drifta av Vaulen, seier ordførar Hugo Pedersen.
Turid S. Eggen signerte avtalen med Surnadal kommune på vegne av SJFF, medan ordførar Hugo Pedersen signerte for Surnadal kommune. Foto: Surnadal kommune
Turid Sættem Eggen signerte driftsavtalen på vegne av SJFF. – Vi kan love at Vaulen blir minst like tilgjengeleg for friluftslivsinteresserte som før. Vi kjenner Vaulen godt som mangeårig forvaltar av småviltjakta på området. Vaulen har eit stort potensiale for rekruttering til eit aktivt friluftsliv, og dette ønsker vi sjølvsagt å bidra til, seier Turid.
Avtalen gjeld i første omgang for 4 år.