Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SJFF med leirdueskyting for jenter!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. juli 2024

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) Jenter inviterer alle jenter i alle aldrar til å prøve leirdueskyting på Angråmyra skytebane torsdag 4. juli klokka 18:00 – 21:00. Dette passer for alle, og det er mogleg å låne hagle om du ikkje har dette sjølv. 

Leirdueskyting er en flott aktivitet som passer for jenter i alle aldrar. SJFF stiller med instruktør som kan gje grunnleggande opplæring og rettleiing.

Ein kan ta med eiga hagle, men det er også mogleg å låne våpen av SJFF.

Det er lurt med gode, ledige klær og stødige sko. Hørselvern er viktig. SJFF har nokre ekstra som ein kan få låne om ein ikkje har sjølv.

Er ein ungdomsmedlem i SJFF, medlemmer under 26 år, koster ein serie (duer og skot) kroner 100,-. Andre betaler kroner 140,- for kvar serie (duer og skot). Betaling via Vipps 510374.  

SJFF ønsker alle Jenter i alle aldrar velkomne!

 


Medlem i Todalen.no –


 

 

Publisert: 1. juli 2024, 06:37