Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
SJFF med familiedag på Kårvatn

SJFF med familiedag på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. august 2010

Laurdag inviterte Surnadal JFF til familiedag på Kårvatn. Aurefiske stod på programmet denne dagen, og med opplegg for grilling ved gapåahuken ved Sommarfjøstrøa lågalt til rette for ein vellukka dag. Arrangementet kolliderte imidlertid med Søya Cup som hadde samla alle småtassar i aktuell aldersgruppe til fotballfest, fortel ledar i Kårvatnutvalget Ola Røe. Derfor vart det heller labert oppmøte på familiedagen, men dei som møtte fekk imidlertid full uttelling med juvfiske i Neåa og delvis i øverste delen av Toåa.

Men fisken den beit villig og utpå ettermiddagen var grillen fyra opp og det vart sett igang med grilling av nytrekt aure og poteter i aluminiumsfolie. Røe fortel at det er ein viktig del av jakt og fiske at ein lærer å bruke utbyttet ein haustar. Og triveleg er det også, for ei slik grillstund etterpå er både samlande og miljøskapande. Da kan ein fortelje om dei store fiskane som ein har mista i løpet av dagen, og samtidig lære å kokkelere litt.

Todalen.no’s utsendte kom akkurat i rett tid, og fekk delta på gildet med nytrukket aure med grilla poteter og anna tilhørande godsaker. Det smaka godt og all honnør til dagens store fiskar som var Bjarne Vaagland Schei som ikkje var i tvil om at aurefisking på Kårvatn skulle prioriterast denne dagen. Straks måltidet var over tok Bjarne fiskestonga og stakk ned i elva igjen, og etter ei lita stund hadde det vorte ei ny honk for å ta med heim.

Publisert: 21. august 2010, 21:11