Tysdag 24.november klokka 18:00 startar Surnadal Jeger og Fiskerforening oppatt med innandørsskyting på Angråmyra skytebane. Skytinga vil gå føre seg på Surnadal skyttarlag sin nyrenoverte innandørsbane på Angråmyra skytebane, og avstanden det blir skote på er 15 meter.
Tilbodet om innandørsskyting vil gå føre seg kvar tysdagskveld, frå klokka 18:00, og fram til starten av april, kun avbrote av jul og påske.
Surnadal Jeger og Fiskerforening ønsker alle gamle og nye skyttarar velkomne!