Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SJFF – hausting i pakt med naturen

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. august 2023

Vi har lyst til å vise fram kva vi held på med, og sjølvsagt vil vi prøve å få med oss fleire.  – Det er Turid Sættem Eggen som fortel at Surnadal jeger og fiskeforening (SJFF) driv med mange forskjellige aktivitetar, og denne laurdagen har dei aktivitetsdag i Svartvassområdet for å vise seg fram i meir unbant strøk enn dei valevis held på med sine aktivitetar.  

Godt med vilt – Turid Søttem Eggen er leiar i SJFF. Foto Jon Olav Ørsal

Turid Sættem Eggen er leiar i SJFF, og under aktivitetsdagen har SJFF mobilisert spesielt for å kome i kontakt med barn og ungdom som har lyst til å bli med og hauste frå naturen – SJFF har i års starta med «jakt og fiskeskule», og det ser ut til å bli ein suksess.  Her får deltakarane lære kvar maten kjem frå, og får lære seg å ha respekt for naturen og kva vi kan hauste av.  Slik øæring er det behov for og vi er glade for at vi er komne i gang med eit opplegg, seier Turid.

Godt med viltgrill – Nils Harald Kvande saman med borna Olai og Alma prøva seg med mat på grillen. Foto Jon Olav Ørsal

Når vi kjem i kontakt med ungdomane så viser det seg at det er mange som har lyst til å prøve seg på jakt og fiske, men som er usikre på korleis dei kan kome med og kvar dei skal ta kontakt for å få bli med.  Derfor er det viktig at SJFF kan legge til rette slik at dei som har lyst kan få jakte og fiske.  -Vi har god tru på jakt- og fiskeskulen skal stimulere fleire til å bli med oss, seier Eggen.

Kast og vinn – Frivilligsentralen var med på opplegget i Svartvassområdet – her prøver Sissel Halset Storslett treffsikkerheita. Foto Jon Olav Ørsal

Frivilligsentralen og SJFF samarbeidde om aktivitetsdagen i Svartvassområdet. Foto Jon Olav Ørsal

Det er mykje du kan hauste frå naturen her viser turid tako med hjortekjøtt. Her er det brukt kjøtt frå fjorårets hjortjaktkurs i Snekvika. Rett og slett godt! Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 26. august 2023, 13:41