Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) arrangerte for første gong jakt- og fiskeskule i 2023. Dei gjentek suksessen frå i fjor, og har i år i tillegg teke med noko, samstundes som innhaldet er betra. Jakt- og fiskeskule (JOFS) er eit fritidstilbod for barn- og ungdom. Tilbodet består av fleire forskjellege aktivitetar som skal bidra til å skape eit levande lokalt miljø.
Nytt av året er at det er påmelding til kvart enkelt arrangement. Arrangementa er lagt inn i SJFF sin aktivitetskalender.
Første arrangement er i kveld klokka 18:00 på Angråmyra skytebane, der det er introduksjon i jaktskyting med salongrifle gjennom JOFS-programmet. Medlemmer kroner 0,- og kroner 30,- for andre.
SJFF håper å sjå deg på angråmyra i kveld!