Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjekkar tilhøva for laks og aure i Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. august 2020

I kjølvatnet av ein god sesong for laksefisket i Toåa er Trønder-Energi i gang med undersøkelse av laks- og aurebestanden i elva.  Trønderenergi har eit pålegg om utsett av smolt i Toåa som er knytta til konsesjonen for Driva kraftverk. Driva kraftverk utnyttar noko av nedfallsfeltet ved Tovatna – i grenselandet mellom Surnadal og Oppdal kommune eller om du heller vil i grenselandet mellom Trøndelag og Møre og Romsdal fylke. 

Dei to biologane frå Sweco driv no med feltarbeid i Toåa og i sideelvane. Frå ventre Lars Erik Andersen og Oyvind Lorvik Arnekleiv frå Sweco og Miljørådgjevar Harald Holm i Trønderenergi. Foto: Jon Olav Ørsal

I tilknyting til konsesjonen held Tønderenergi eit vakstsamt auge på Todalsvassdraget, både med tanke på ansvaret som kviler på dei med tanke på forvaltning av elva og samtidig følge med om det skjer endringar som kan knytast til måten elva og dei lokale laks- og auregenane blir  forvalta på.  I samband med dette arbeidet er det gjort fleire undersøkingar og tiltak i elva oppgjennom åra. Sist det var slik undersøking var i 2014, medan det vart gjort eit utbetringsarbeid på tersklane i 2007.  Hensikten med arbeidet er at ein skal få mest muleg ut av elva og at elva og laksefisket skal være minst like bra som før elva vart regulert i samband med Driva-utbygginga forst på 70-talet.

På møtet i ungdomshuset deltok 2 biologar frå Sweco, som utfører feltarbeidet og skal utarbeide ein rapport om rikekts tilstad. I tillegg deltok Harald Holm som er miljørådgjevar i Trønderenergi. Frå Todalen elveeigarlag deltok styret og i tillegg stamlaksfiskarane i Toåa.  Stamlaksfiskarane kjenner elva godt og kunne bidra med både erfaring frå fisket og info frå utviklinga i Toåa elles. Feltarbeidet i elva og kartlegginga av tilhøva i elva vil forega utover hausten og vinteren, og blir avslutta med ein rapport om tiilstanden i Toåa.  Deretter vil berørte partar ta ei avgjerd om det skal settast inn tiltak i nokon form. 

Leiar I Todalen elveeigarlag Asbjørn Karslsen i midten, flankeert av styremedlemane Kjell Øyen (til venstre) og Gudmund Hyldbakk. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 20. august 2020, 08:31