Frå og med 2020 vil Surnadal kommune bruke Skatteetaten sin berekna marknadsverdi for boligar som grunnlag for utskriving av eigedomsskatten. Kommunen ber difor eigarar av bustader om å kontrollere at dei førehandsutfylte tala under post 4.3.2 i skattelikninga for 2018, som sendast ut av Skatteetaten, er riktige.
Det er den enkelte skatteytar sitt ansvar å korrigere skattemeldinga si dersom han kan dokumentere gyldig marknadstakst som medfører endring i formuesverdi. I ein artikkel har kommunen samla nyttig informasjon og veiledning til korleis du går fram. Her kan du klikke deg rett inn på saka på Surnadal kommunes heimesider.