4 rådyr beita så fredeleg som berre det rett innafor Øyabrua – ca 50-60 meter frå vegen i kveld. Dei stod berre å glana, og lurte på kva for tulling som prøvde å ta bilde no når det mesta var for mørkt. Dei har nok levd eit fredelag og ufarleg liv, og funne mykje god mat på ekrene i Hallagrenda i sommar.
Men det er berre det at jakttida for rådyr starta i går, 25. september og varer fram til jul. – Jakttida for rådyrbykk starta imidlertid 10. august, så den har vore fredlaus ei stund allereie. Dere er hermed advart!