Gruppespel og innleiande konkurransar i sjakkturnering har pågått heile etterjulsvinteren – til saman har 17 personar delteke, og kjempa om finaleplassane. No går turneringa mot slutten, og kvar av dei to gruppene har sine finalistar klare til den store gullfinalen som går i Todalen ungdomshus laurdag 22. april kl 17
Nytt av året er at det blir finalespel for alle spelarar i år – basert på plasseringa i gruppa. sjølve gullfinalen blir spela meoolom vinnarane i kvar gruppe, og kvar finale består av to kampar. kvar deltakar spelar med både kvite og svarter brikker, og kvar kamp har maxtid 30 minutt på kvar deltakar. Siger gir 1 poeng og remi 1/2 poen. Ved uavgjort etter 2 parti skal det spelast hurtigsjekk på 15 minutt tidsforbruk på kvar spelar, og det trekkes om fargeval. Vinnar av denne kampen vinn altså finalen. Ved remi spelast nok eit parti, med bytte av farge. Slik fortsett det til vinnar er kåra, og reglane gjeld alle finaleplasseringar.
No er det på tide å avsløre kven som er komne til finalen:
I gullfinalen møter Amund Talgø mot Kristoffer Nordvik
I bronsefinalen møter Brage Talgø mot Bernt Venås
Vidare skal det kjempast slik:
Arvid Halle (3 pl Gr A) mot Sigurd Talgø (3 pl. Gr B)
Anders Talgø (4 pl Gr A) mot Terje N (4 pl Gr B)
Bjørn Gunnar Ansnes (5 pl Gr A) mot Jo Gjeldnes (5 pl Gr B)
Ragnar Halle (6 pl Gr A) mot Ståle Ansnes (6 pl Gr B)
Ottar Halle (7 pl Gr A) mot Carsten Bohle (7 pl Gr B)
(8 plassen blir en miniturnering pga oddtall (9 per) i gruppe B :
Michael Heimlund (8 pl Gr A) Kvit mot Ola Ansnes (8.pl Gr B) Svart
Michael Heimlund (8 pl Gr A) Svart mot Eivind Bolme (8.pl Gr B) Kvit
Det blir servert gratis kaffe, og sal av brus og småkaker under finalene, melder arrangøren som er Todalen sjakklubb.