Søndagskveldane er det full aktivitet i Kaffekroken på bitikken. Sist søndag var ikkje noko unntak, og da vi stakk innom ein snartur for å lodde stemninga så bar den preg av stor tankeverksemd og tikkande klokker som tok tida. Tilsaman er det 17 personar som deltek i turneringa som skal gå heilt fram til påska – med finale i ungdomshuset 2. påskedag.
På resultatlista er det forholdsvis jamnt enno – dei tre fremste i gruppe A er Amund med 5,0, Ragnar 4,0 og Arvid 4,0 poeng. I gruppe B er det Terje N. som ligg i tet med 6, med Sigurd på 5 og Bernt på 4,5 poeng. Rett nok har ikke alle like mange kampar, så «3 på topp»- liste er nok litt mangelfull og delvis misvisande, men dei som ligg på topp får nyte situasjoen så lenge den varer. neste turneringskveld er søndag 5. februar.