Finalistane til den stor sjakkfinalen 2. påskedag er no klare. Etter at innleiande kamper er unnagjort står ein att med 2 gullfinalister og 2 bronsefinalister til det store oppgjøret i Todalen ungdomshus. I bronsefinalen møtes Kristoffer Nordvik og Bernt Venås, medan Brage H. Talgø og Amund Talgø møtes til den spanande gullfinalen, fortel Trygve Halle som er pressetalsmann for sjakkgjengen.
Finaleoppgjøra går altå i Todalen ungdomshus 2. påskedag kl 19.00, og i finalene blir det spela med 30 minutt på kvar spelar, altså maksimalt 2 timar totalt. Det blir spela 2 kampar – svart 1 parti og kvit 1 parti, med 1 poeng for seier, 1/2 poeng for remi og 0 poeng for tap. Ved uavgjort etter 2 kampar skal det spelast lynsjakk «light», med trekking av farge og kvar spelar får 10 minutt. Ved remi der, vil det bli vanleg lynsjakk med bytte av farge og 5 minutt på kvar spelar – heilt til nokon vinn. Hovuddommar for bronsefinalen er Anders Talgø og for gullfinalen Terje Nordvik
Sjakkgjengen oppfordrar alle som er interesert til å kome til ungdomshuset og være heiagjeng og til å lære å spele sjakk. Det blir salg av kaffe. Elles opplyser pressetalsmannen at det no blir ein lang sommarferie, men at det blir nye sjakkveldar til hausten.