Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjakkfinalen: Kristoffer gikk til topps

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. april 2017

Det var litt nervøs stemning i ungdomshuset før starten på finaletevlinga i ettermiddag. Tilsaman var det 10 kampar som skulle avgjerast, og tilsaman 6 bord var rigga til med sjakkbrett, brikkar og klokker – her skulle det kjempast. Før starten såg vi tendens til litt prykologisk krigføring, men det høyrer vel med i førebuingane på slike arrangement, men vi kan ikkje stikke under ein stol anna enn at det var god stemning.

Ungdomshuset var i dag gjort om til arena for årets stor sjakkfinale. Foto: Jon Olav Ørsal

Da det var klart til start orienterte Anders Talgø om regelverket, og korleis uavgjorte kampar skulle avgjerast med lynsjakk. Litt over kl 17 var kampane i gang, og stillheita senka seg over storsalen i Ungdomshuset, som for høvet var gjort om til arena for sjakkfinalen. Nokre av kampane var fort unnagjort, medan andre tok lengre tid. 

Det vart imidlertid ein klar seier til Kristoffer Nordvik som vann begge kampane mot Amund Talgø, etter å ha kjempa hard gjennom var ingen ting avgjort før dei to var i mål – og Kristoffer fikk ingen ting gratis. Men etter to kampar var det altså avgjort.

Verre var det i bronsefinalen, der Brage Hauglann Talgø og Bernt Venås kjempa om den siste edle medalja og om 4. plassen. Her måtte det 7 omgangar til før vi til slutt fekk avgjort kampen. – Brage trekte til slutt det lengste strået og sikra seg seier i bronsefinalen. 

Til slutt har Anders Talgø, som har vore sekretariat, eihelsing til deltakarane – han skriv:» Da vil eg ønskje alle ein fin vår og ein god sommar. Ein spesiell takk til Terje N som har stilt lokale til disposisjon i vinter. Han får og mange gratulasjonar med ein fin 7. plass. Eg vil og nemne deltakarane på dei to fremste finaleborda: Kristoffer, Amund, Brage og Bernt. Dei har gjort ein solid innsats. Dei får (tradisjonen tro) ingen premie, men heiderleg omtale. Og til slutt takk til alle som har delteke. Helsing Anders T.»

Her har vi lagt ut ein oversikt og resultatet av dagens kamper i sjakkfinalen:

 

Bildegalleri frå dagens store sjakkfinale i Ungdomshuset – alle bilde:  Jon Olav Ørsal
 

Først publisert: 22. april 2017, 22:22 - Sist oppdatert: 23. april 2017, 13:01