Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjakkfinale i påska…

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mars 2015

I kveld var det ny runde i den innleiande konkurransen til den store sjakkfinalen som er planlagt til påskehelga. Neste søndagskveld går dei siste innleiande rundane, og spenninga stig for kvar dag som går. Søndag kveld var heile 13 av dei 16 deltakarane oppmøtt i Kaffekroken, som i vinter har vore arena for den store sjakk-konkurransen.

AmundT&BerntV_5621

Amund Talgø og Bernt Venås i djup konsetrasjon ved sjakkbrettet. Foto: Jon Olav Ørsal

Terje Nordvik fortel at dei to finalane er planlagt til påska, og vil bli arrangert i Todalen ungdomshus – med publikum. Dag og tid vil nok bli annonsert på eit seinare tidspunkt.

Publisert: 15. mars 2015, 23:49