Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjakken igang – planlegg turnering

Jon Olav Ørsal Måndag 5. januar 2015

Søndag kveld starta sjakkgjengen på igjen etter juleferien. Første kvelden vart det berre 3 lag som mønstra, men det vil vel etter kvart bli større aktivitet på sjakkveldane i kaffekroken på Matkroken.  Det er vidare planlagt aktivitetar annakvar søndagskveld utover vinteren, så neste kveld blir søndag 18. januar, fortel pressetalsmann Trygve Halle. No er dei igang med planane for å arrangere ei intern sjakkturnering, som etter planane skal få ein storstila finale i påska som i år kjem i første veka i april.

Opplegget for tureringe er ikkje klar enno, men det vil bli ei rekkje innleiande kampar og rundar altså av med både finale og bronsefinale i løpet av påska. Vi kjem med meir info om korleis opplegget blir etter kvart, og kjem nok til å halde lesarane orientert om utviklinga utover vinteren.

sjakk3_2289

Eiving Bolme og Anders Talgø. Foto: Jon Olav Ørsal

sjakk2_2290

Amund Talgø og Terje Nordvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjakk1_2288

Ståle Ansnes og Trygve Halle. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 5. januar 2015, 23:09