Det såg lenge mørkt ut for å få til sjakkturnering denne vinteren. Turneringa har vore høgst uhøgtideleg, men likevel artig for deltakarane som har samla seg i Kaffekroken på Halsbua på søndagskveldar. Søndag kveld starta årets turering og den skal gå 3 søndagskveldar i januar, 2 i februar og 2 i mars – og 2 påskedag blir det storstila finale i Todalen ungdomshus, som er open for publikum.

Sigurd Talgø og Terje Nordvik ligg nærast i startgropa enno, men dei er iallfall i gang. Foto: Jon Olav Ørsal
Det vart 16 deltakarar som blir med på årets sjakkturnering, og det er deltakarar i alle aldrar frå 15 og oppover til 89 – det blir ekstra artig når både gammel og ung blir med, seier initiativtakar Terje Nordvik som stiller «klubblokale» til disposisjon. Nå blir det altså turnering 7 søndagskveldar framover, heilt til alle har spela mot alle i dei to avdelingane. Nederst finn du oversikt over turneringa og resultat frå 1. runde som gjekk 8. januar.

Bohle mot Bolme – Carsten Bohle trekte det lengste strået i kampen mot Eivind Bolme, men det spørs om han tek seg att i neste runde? Foto: Jon Olav Ørsal