I dag arrangerte Todalen sanitetsforening siste strikkekaffe før jul, men juleferie blir det ikkje enda. I innbydinga til årets siste strikkekaffe stod det at alle er velkomne – med og uten handarbeid. Men strikkepinnane gjekk heile tida, sjølv om praten gjekk om laust og fast rundt bordet heile tida. Elles var det ikkje så mykje som stod på programmet i dag, anna enn kaffepause og internt lotteri med mange smågevinstar.
Men Saniteten tek ikkje juleferie enno, for tysdag 26. november dreg sanitetskvinnene til sjukeheimen med kveldsmat til bebuarane – oppsmurte snittar og kaffe til alle som vi ha. Vidare er det juleavslutning i Sanitetshuset tysdag 3. desember før det endeleg blir juleferie til over nyttår.