Laurdag mellom 14 og 17 blir det arrangert Strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er den siste samlinga før jul, og her blir det derfor avslutta med ei lita utlodning i lag med ein kaffekopp og noko godt å bite i.
Det er fortsatt Todalen Sanitetsforening som er arrangør av denne uformelle treffstaden, og dei håpar at dette fortsatt skal væra ein uformell møteplass for kvinner i alle aldrar i Todalen også på nyåret.