Fleire vaksiner og raskare vaksineringstempo
Det er enno usikkert kor mange nye vaksiner vi får tilsendt etter vinterferien, men det er venta ein betydeleg auke i leveransane til Norge frå mars månad og utover. Eit nøkternt scenario frå FHI for mars, viser meir enn ei dobling frå februar i form av leveransar frå vaksineprodusenten Pfizer-BioNTech. I mars får vi dermed eit raskare tempo i vaksineringa av personar over 65 år enn det vi har hatt til no.
I mars er det også venta leveransar til Norge av vaksinen frå AstraZeneca tilsvarande nivået på tilgjengelege doser vi har hatt til no. Denne vaksinen er i første omgang prioritert for helsepersonell og skal ikkje gis til personar over 65 år. Vaksinen frå produsenten Moderna er av samme type som vaksinen frå Pfizer-BioNTech, og vil frå mars kunne supplere vaksineringa av personar over 65 år og enkelte andre risikogrupper. Per i dag veit vi ikkje når eller kor mange doser kommunen vil få av desse to vaksinene.
Koronavaksineringa er ein følgetong med fleire ukjende faktorar og forbehald om endringar. Vi ser aukande utbrot med meir smittsame virusvariantar mange stader i landet. FHI held fast på sin vaksinestrategi, og som vi lojalt følger opp i Surnadal.
Alt i alt, går vi inn i ein hektisk vaksineringsvår dersom alt klaffar. Mykje tyder på at alle over 65 år og risikogruppene under 65 år vil vere fullvaksinerte før fellesferien. Det er så langt ikkje meldt om alvorlege biverknader i Surnadal kommune og oppslutninga om vaksineringa er god.
For ytterlegare informasjon og oppdateringar, sjå Surnadal kommune – informasjon om Covid19