Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste ladning er ferdig!

Elinor Bolme Måndag 7. mars 2016

Rett før helga fekk vi beskjed om at siste ladning med handdukar for todalen.no var ferdige med påsydde logoar. Det er Ildri Tørset ved Quiltebua som før jul tok oppdraget med leveransen. Dette var medan ho enno dreiv bedrifta si heimanfrå  frå Bellebu på Skei. På nyåret har ho «utvida» med meir egna lokaler på Syltbakken. Her har det no vorte eit eldorado for den syinteresserte, og Ildri fortel at ho så langt har hatt fullt opp med flytting og ikkje minst godt besøk av kundar.

Når vi var innom var ho i full gang med forberedning til ei stor quiltemesse i Trondheim seinare i månaden. Mange modellar skulle syast opp og ho hadde planer om å ta med seg sitt rikhaldige stofflager oppover for å selje.

image

Med tid og stunder har Ildri hos Quiltebua planar om sykveldar på lik linje med populære strikkekveldar i lokala sine. Ho fortel at det er eit stort symiljø i Surnaddal, og at særleg dei ynger bemerkar seg innan kledeproduksjon.

image

Nål og tråd er ikkje berre nål og tråd for den som har dette som hobby…

 

image

Alle modellane er produsert av Ildri, og kan kanskje få dei fleste på tanken om å begynne med enda ein hobby…?

image

Gammelt og nytt i skjønn forrening, med eit visdomsord på kjøpet.

handdukar

Endeleg fleire handdukar å få kjøpt! Første salgskveld blir førstkommande tirsdag under todalen.no sitt årsmøte. Deretter blir det nok ein runde ein styggversdag i påska på Hals.

 

Først publisert: 7. mars 2016, 12:00 - Sist oppdatert: 6. mars 2016, 23:54