Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste Kløverturen i 2022

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. november 2022

Siste måndagen i november vart det også siste kløverturen i 2022. Fint ver, og tur i Toåa tursti.

Etter årstida er det ualminneleg tørt og stjerte, altså joggeskoføre da vi går inn i den første vintermånaden. I dag var det vindstille og riktig fint å vere ute på tur!

Fin rasteplass i Gunnøya. Her er Åse, Jorunn, Helga og Marit. Foto: Dordi J H

Etter turen vart det velfortent pause i Kaffekroken  – her er det kjekt å samlast!

Hausten 2022 har det vore 14 turdagar, 4 turar i Toåa tursti og 4 rundt om på Kvennset og Todalshaugen. Det har vore to turdagar utanfor Kammen; Haltbakkan og Gammelvegn. I tillegg turar på Bruset, Tjønnmyran, Kårvatn og i Talgøhaugane.

Turen vart som så ofte før avslutta med prat og kaffe i Kaffekroken til Terje N. Foto: Dordi J H

Fiskeplass i Båthølen. Jorunn, Dordi, Helga, Arndis, Eli, Helen, Jorunn, Åse, Berit og Synnøve. Foto: Marit Sanden Søyset.

Veret denne hausten har vore fint, berre ein turdag med duskregn, men 19. september vart turdagen avlyst på grunn av hølejregn og flaum.

No er det advent og tid for julestri, men det blir nye kløverturar når sola kjem att i 2023!

 

Her renn Haukåa ut i Toåa. Haukåa (til høgre) er nesten heilt tørrlagt – mest som ei steinrøys. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Trivleg bålplass, men no er det uaktuelt å tenne bål!. Foto: Dordi J H

Publisert: 28. november 2022, 23:53