Da er vi inne i adventstida, og det er tid for julestri. Kløverturgjengen lada batteria med rundtur frå Kvennset om Ørsalgrenda, Øyagrenda, Halagrenda, Husbygarden for til slutt å innta Kaffekroken i Matkroken måndag 2. desember.
Dagens naturopplevelse var ein stor ørn som sat roleg i ei eit tre ved Øyabrua, før han så letta og sirkla over hovudet på turgåarane – eit mektig syn!
Yr melde regn, men det slo ikkje til – opphaldsver på heile turen.
Siste måndagen i november gjekk turen langs fjorden utover Stranda. Godt ver og triveleg tur.
I 2024 har Sanitetsforeninga arrangert 30 kløverturar; 14 turdagar våren 24 og 16 turdagar i haust. No er det kløverturpause til sola kikar fram att i 2025.
Fleire bilete: