Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 30. november. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Samling ved gapahuken oppe på Tjønnmyran ca. kl 11.15.
Det blir sosialt samvær i gapahuken med varme i peisen og lys på borda. Kvar og ein må ta med mat og drikke sjølve. Viss ver og føre blir bra, er det fint å gå tur rundt omkring oppå Tjønnmyrå.
ALLE ER VELKOMNE TIL Å BLI MED PÅ ÅRETS SISTE KLØVERTUR!
Slik var det på Tjønnmyran søndag 29. november:
Vegen frå Dalavegen og opp til Tjønnmyran er brøyta og fri for snø, likeså parkeringsplassen. Rundt gapahuken er det snø, litt glatt der løypemaskina har kjørt. Altså det er lurt å sko seg godt!