Måndag 11. november blir det siste Kløverturen denne hausten. Oppmøte ved Hals/Matkroken kl. 11:00. Denne dagen går turen frå butikken og innover skogsvegen i Kvennsetlia.
Her kan ein gå litt etter eige ønske; kanskje berre gå etter ekra innover, gå den flataste skogsvegen eller ta ein tur oppå Løfta. Yr melder sol og kaldt ver. Da blir det kaffepause i Kaffekroken etter turen.
Alle er velkomne til å bli med ut og gå! Det gjer så godt!