Det er ei stor veke att til årets kommune- og fylkestingvalg, og dei fleste partia brukar den nest siste helga til å treffe veljarane der dei er. Senterpartiet hadde stand ute ved Matkroken i ettermiddag, og folk stoppa opp og tok ein prat med ordførarkandidat Margrete Svinvik og to av todalsrepresentantane.
Kandidatane oppfordra folk til å bruke røysteretten sin, uansett kva ein vel å røyste på. Dei minna også om valgdebatten onsdag 4. september på Surnadal kulturhus. Her er det dei sju listepartia med valliste i Surnadal som inviterer til stand og debatt.
Listetoppane Eli Vullum Kvande (MDG), Tor Rune Halset (H), Mali Hildrun Settem (KrF), Annett Ranes (Ap), Margrethe Svinvik (Sp), Nils Petter Tonning (FrP) og Ole Stensby (SV) stiller i debattpanelet kor Svein Sæter blir ordstyrer frå kl 19 og utover.