Surnadal kommune opplyser at siste frist for å bestille husnummerskilt via kommunen snart går ut. Alle 4884 adresseverdige bygg i kommunen har no fått tildelt husnummer (adressenummer). Huseigar eller festar har ansvaret for å sette opp nummerskilt på eige(ne) bygg eller eigedom. Mange har bestilt våre skilt med svarte tal på kvit refleksbakgrunn, godkjent av Kartverket.
Surnadal kommune tek no ein siste runde med tilbod om bestilling av skilt via kommunen. Siste frist er sett til 1. oktober.
Etter denne datoen må ein eventuelt ordne med skilt sjølv. Slike husnummerskilt kan ein da mellom anna få kjøpt på posten.no – sin nettbutikk
Prisen er som før, kroner 140 per skilt, med frå 1 – 4 siffer på.
Fyll ut Bestillingsskjema – Husnummerskilt og send det via e-post til post@surnadal.kommune.no eller via post til
Surnadal kommune, Areal- og naturforvaltning, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Fristen for å bestille husnummerskilt via kommunen er som nemnt 1. oktober.