Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag informerer om at det i morgon kveld (torsdag) kl. 17:30 blir siste kveld med friidrett på Bordholmen denne sesongen.
Som vanleg er øvingane lengde med og utan tilløp, kast av liten ball og 60 og 400 meter springing. Det er meldt ganske bra vêr, så då skal alt vere lagt til rette for ein fin aktivitetskveld.
Ein av dei første søndagane vil det bli arrangert sesongavslutning for årets friidrett på Tjønnmyra. Dette kjem det meir informasjon om seinare.
Søndag den 25.oktober kl. 15:00 er det Trim- og friidrettsbasar i ungdomshuset med premieutdeling for dei som har vore med på friidrett no i sommar og «barn i løypa» vinteren 2019/20.