Laurdag 1. juni inviterte Todalen sanitetsforening til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset. Etter ein lang periode med sol og varme dagar starta juni med skodde langt nedover liene, regn og surt ver. Altså godt innver!
Heile 17 damer stilte med handarbeid og fekk ei triveleg ettermiddagsstund. Jorunn Husby og May-Elisabeth Holten var vertinner. Dei serverte kjøle gode kaker til kaffeen.
Utlodding med mange gevinstar laga spenning og underhaldning. Fredrikkekaffeen er eit sosialt arrangement som skapar trivsel i lokalmiljøet.
No tek Fredrikkekaffeen sommarferie fram til september.