Rett før helga kom anleggsmaskinene tilbake til Toåa Tursti etter ein pause i arbeidet sia i haust. Det betyr at siste etappe med å ferdigstille turstien no er i gang. Nokon har kanskje allerede fått det med seg, da det er mange som benyttar seg av turstien i all slags vêr.
Det som no skal gjerast er å tilrettelegge for ein tursti frå Båthølen, nedover ekra mot Gunnøya, og vidare gjennom skogen bak den eksisterande gapahuken i Gunnøya. Her må det takast ut jordmasse, påfyllas elvaør og til slutt leggjast nytt grusdekke. Denne blir ikkje så brei som den som er laga fram til Båthølen, men vil likevel bli utmerket både for barnevogner og rullatorar.
Under er nokre fleire bilder fra arbeidet så langt. Alle foto ElinorB.