Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste dugnadsøkt i 2019

Elinor Bolme Torsdag 24. oktober 2019

Torsdag kveld var ein liten gjeng oppmøtt for å planere grusen etter graving og oppgrusing av turstien ved Oddøyhølen i retning Halsabrua. Og med den effektive gjengen, vart siste ankomne dugnadsdeltakar for sein til å delta. Nils Ove Bruset fortel at dugnadsarbeidet i 2019 no er ferdig.

-No blir resten av prosjektet gjort på nyåret og så snart det blir bart igjen. I allefall det som har med bygging av gapahuken å gjere. Vi har etter oppmoding justert plasseringa av gapahuken litt, slik trafikkflyten i rundt blir betre.

Det som står att av arbeid er:

  • Toppdekke på turvegen frå Bønnavollen-Båthølen
  • Tilrettelegging av ny tomt til gapahuk i Båhhølen
  • Støyping av fundament og bygging av gapahuk, samt rampe for fiskeplass
  • Rydding av litt skog/kratt frå Båthølen og nedover
  • Tilrettelegging og finjustering av sti frå Båthølen-Gunnøya-Oddøyhølen-Halsabrua
  • Skilting
  • Lage trivelege møteplassar 

 

Knut og Marit tek «nyå tå» stien som nesten er farbar heile vegen på sykkel. 

Hugs gjerne på å skrive navnet i trimboka i Gunnøya, slik at Idrettslaget ser kor stor trafikk som er på stien framover. 

Først publisert: 24. oktober 2019, 21:18 - Sist oppdatert: 25. oktober 2019, 06:11