Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste bestillingsrunde på TIL klubbjakke

Elinor Bolme Torsdag 17. august 2017

Etter fleire henvendelsar er det no bestemt at idrettslaget tek opp ei siste bestilling på dei nye klubbjakkane som vart lansert tidlegare i vår. Så alle ihuga todalspatriotar som vart for seine til første bestilling får no ein ny sjanse.

Jakken er svart og kvit som på bildet, av merket Hummel, og kan bestillast i alle størrelsar frå 116 til XXL til kroner 600. Denne gongen vil det ikkje bli anledning til å prøve dei ulike jakkestørrelsane, men vi kan vere behjelpelege med å henvise til riktig størrelse på bakgrunn av erfaring frå første bestillingsrunde..

Bestill innan 1. september ved å sende ein SMS med navn og størrelse til 90 19 62 68 (Elinor), eller skriv deg på lista som ligg på Matkroken frå i morgon.

Her Ola Husby, som bestillte aller først i første bestillingsrunde. Ein ekte todalspatriot som heilt klart gjer dei andre trimmarane i Oslo misunnelege.

 

 

Publisert: 17. august 2017, 20:52