Etter fleire henvendelsar er det no bestemt at idrettslaget tek opp ei siste bestilling på dei nye klubbjakkane som vart lansert tidlegare i vår. Så alle ihuga todalspatriotar som vart for seine til første bestilling får no ein ny sjanse.
Jakken er svart og kvit som på bildet, av merket Hummel, og kan bestillast i alle størrelsar frå 116 til XXL til kroner 600. Denne gongen vil det ikkje bli anledning til å prøve dei ulike jakkestørrelsane, men vi kan vere behjelpelege med å henvise til riktig størrelse på bakgrunn av erfaring frå første bestillingsrunde..
Bestill innan 1. september ved å sende ein SMS med navn og størrelse til 90 19 62 68 (Elinor), eller skriv deg på lista som ligg på Matkroken frå i morgon.

Her Ola Husby, som bestillte aller først i første bestillingsrunde. Ein ekte todalspatriot som heilt klart gjer dei andre trimmarane i Oslo misunnelege.