Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste bakeriutsal før jul hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. desember 2022
Fredag 16. desember, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til siste bakeriutsal før jul. Sidan dette er siste bakeriutsal før jul, ønsker Lia gard å gje bort ei julekorg full av god julebakst, til ein heldig vinnar som blir trekt ut blant dei som førehandsbestiller varer til utsalet deira på fredag. 
 
Denne siste gongen før jul kan dei by på følgande:
 
– Ferske smultringar
– Ferske smurte tjukklefser
– Ferske skulebollar med heimelaga vaniljekrem
– Ferske kanelsnurrar
– Ferske grove grovbrød
– Ferske landbrød
– Nystekte Havrekjeks
– Frosne tynnlefser
– Frosne konfektkaker, Sarah bernard (18 cm.)
– Frosne fyrstekaker (18 cm.)
– Frosne suksessterter (18 cm.)
– Sveler (frosne)
– Nøttebrød (frosne)
 
Førehandsbestilling innan onsdag 14. desember klokka 18:00.
 
Det er også mogleg å førehandsbestille ferske bakevarer til arbeidsplassen!
 
Adresse: Lykkjeeidet 835, 6640 Kvanne
 
 

Medlem i Todalen.no –


 
Først publisert: 12. desember 2022, 06:00 - Sist oppdatert: 11. desember 2022, 21:40