Torsdag hadde Marit Tørset (69) sin siste arbeidsdag ved Matkroken Todalen, og gjekk med det over i pensjonistane sine rekker. Rett nok har ho sagt ja til å vere tilkallingsvikar på butikken, så vi vil nok treffe Marit bak kassen på butikken også somme tider framover.
Marit sin siste arbeidsdag vart markert i Kaffekroken etter stengetid med inviterte gjestar. Det vart servert bringebær med vaniljesaus, marsipankake og kaffe.
Stabil og påliteleg medarbeidar
Marit starta i jobben som butikkmedarbeidar i januar 2011. Hausten 2010 vart ho kontakta av handelsmann Nordvik med spørsmål om ho ville begynne som butikkmedarbeidar på Matkroken Todalen. – Eg var på sjukeheimen på arbeid da Terje ringte og spurte om eg ville begynne, fortel Marit. – Eg må innrømme at eg vart såpass overraska at eg ringte han dagen etter og såpurte om det verkeleg var sant og at han meinte det?, legg ho til.
– Marit har vore ein stabil og påliteleg medarbeidar, og ho har møtt på arbeid sjølv på dagar ho heller skulle ha vore heime og teke vare på helsa si, men ho klaga aldri, så vi visste ikkje at ho hadde vore dårleg før etterpå, fortel Terje. Han hadde skrive ein fin liten tale til Marit, som ho fekk med seg heim etter feiringa.
Marit fekk både blomster og eit fint gullsmykke som takk for lang trufaste teneste.
Allsidig yrkeskarriere
Marit starta sin yrkesaktive karriere i Surnadal kommune, der ho arbeidde i barnehage og som reinhaldar. Etter dette vart det Talgø i mange år, før ho ein kort periode arbeidde på Trollfabrikken til Ingebrigt Bøvra i Rindal. Frå trollproduksjon Rindal gjekk karriera vidare med røystøyping hos Pipelife og etter det til Surnadal sjukeheim, før ho altså tok til som butikkmedarbeidar i januar 2011.
– Matkroken Todalen har vore ein fin og sosial arbeidsplass, og eg har gledd meg til å gå på kvar dag, avsluttar den nybakte pensjonisten.
Da ønsker vi Marit lykke til som pensjonist, og reknar med vi treffee ho att på Matkroken Todalen, framfor og attom kassen!