Elisabeth Aas og Per Hølaas gler seg til å flytte inn i ny hytte til påske. Det var i si tid Frank og Dagreid Aas som bygde hytta Sissibu, som ligg ved vegen i Sissigrenda. No er det neste generasjon som er eigarar og brukarar, og Elisabeth og Per har bruka hytta mykje i sammarhalvåret og er nok mesta for todalingar å rekne. Da dei skulle renovere hytta i fjor haust oppdaga dei at det var til dels store råteskader på bygget.
Dei bestemte seg difor for å rive den gamle hytta, og i staden bygge nytt. Etter at sesongen var over i slutten av november gjorde Per Gjeldnes Maskin kort prosess på gammelhytta, og fylte opp tomta litt med tanke på nybygg. Seinare har snekkarane førebudd nybygg, og har gjort klart til støyping av ringmur og såle. Dette vil skje så snart det blir mildvêr igjen.
Nybygget er det Gunnar Nordvik og Lars Kvendset som er entreprenørar for, og plana er at «nye» Sissibu skal være klar til bruk i påskeferien. Dei har nok merka seg datoen 13. april, som er palmesøndag i år, og sein påske kan kanskje kome godt med for å få alt arbeidet unna?