Kulturkontoret melder:
«Det er trekt Stikk UT!-vinnar for september, og gåvekortet denne månaden går til Sissel Gravvold frå Bøverdalen. Gratulerer, Sissel! Det var ein tur til Stikk UT!-posten ved Bjorvollen som førte hell med seg denne gongen.
Dette er nest siste Stikk UT-trekning i år. Sesongen varer ut oktober, og sommarsesongens siste gåvekort vil bli trekt i starten av november. Kvar tur til eit Stikk UT!-mål i oktober vil bli med på denne trekninga. Alle personar som registrerer seg på Stikk UT!-sida med bustadadresse i Surnadal kommune, kan vinne.
Tidlegare vinnarar: Roger Sæter, Eunkyong Youn, Karin Sunde og Britt Mossing.
For den som kunne ha tenkt seg årets Stikk UT!-krus, kan vi minne om at du må ha vore på minst sju Stikk UT!-mål for å få kjøpe kruset. Du har no ein månad på deg for å dei siste turane unnagjort. Hugs at turane må vera registrerte på stikkut.no!»
No i finveret kan det vere kjekt å ta Stikk UT!- turar både her i kommunen eller i nabolaget. Ein fin og lett tur er Karihaugen på Ålvundeidet. På tur opp ser ein Todalsfjell på andre sida, og oppe på toppen, 488 m.o.h., ser ein innover og utover Sunndalsfjorden med omkringliggande fjell.