Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siri Skjerve med separatutstilling i Molde 25.mars – 25.april

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. mars 2021

Siri Skjerve skal i perioden 25.mars – 25.april ha separatutstilling på Møre og Romsdal kunstsenter i Molde. Utstillinga har ho kalla «As We Evolve». Siri lagar skulpturar av tradisjonsgarva skinn som er bearbeidd til mellom anna feittgarva skinn, råhud og pelsskinn. At skinna er tradisjonsgarva inneber at dei ikkje er industrielt garva. Siri nyttar Jutulskinn i Vågå til garvinga av skinna ho brukar, og saumar skulpturar med voksa lintråd. Skinna i skulpturane til utstillinga i Molde, er stort sett frå lokale jaktlag i Todalen, og Siri vil nytte høvet til å takke jaktlaga for leveransane. 

Møre og Romsdal kunstsenter i Molde

Siri fekk i fjor haust eit kunstnarstipend frå Kulturrådet. Til utstillinga «As We Evolve» har ho fått eit produksjonstilskott frå Kunstsentrene i Norge. 

I samband med utstillinga «As We Evolve» har Siri fått laga ein katalog. I katalogen er det mellom anna tekster av Toril Redalen og ein samtale med Torbjørn Larsen (rektor ved Surnadal og Rindal Kulturskule) om jakt. 

Den 10.april vil det bli arrangert ein kunstnarsamtale, der professor i filosofi ved NTNU, Solveig Bøe, kjem for å ha ein kunstnarsamtale med Siri. Dette arrangementet er i ope for alle som vil delta. Siri seier at ho håper utstillinga vil vere interessant for mange, og er glad for å kunne vise fram eit lokalt materiale frå Todalen i ei heilt ny drakt!

Siri har eiga heimeside der ein kan sjå meir om Siri sin produksjon: siriskjerve.no 

Vi kjem att med ein reportasje frå opninga av «As We Evolve» den 25.mars.  

Nedanfor kan du sjå nokre av skulpturane Siri har laga:

Publisert: 6. mars 2021, 07:00