Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siri Skjerve inviterer til open verkstad laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. juni 2025

Som ein del av programmet for årets utgåve av «Surnadal Open», inviterer kunstnar Siri Skjerve laurdag 21. juni klokka 10:00 – 12:30 til open verkstad i Bekkerhagen 10 i Todalen. Siri arbeider med skinn, og ho samarbeider mellom anna med jaktlaga i bygda for å få tak i skinn.

– Skinn som kunstnerisk materiale er veldig interessant, seier Siri.

– Det er så tett forbundet med naturen og stedet der dyret levde, samtidig som skinnet er hud og dermed det samme materialet som våre egne kropper er pakket inn i, legg ho til.

Nylig vart Siri tildelt Statens 10-årige kunstnerstipend, og på laurdag kan ein altså få sjå korleis Siri brukar lokale skinn til å lage skulpturar og installasjonar. Det vil også bli høve til å kjøpe seg ein kopp kaffe med noko attåt, da Skulstuå i Todalen på laurdag tek med seg serveringa og den gode stemninga til Bekkerhagen.

Siri ønske alle hjertelig velkommen!

Publisert: 17. juni 2025, 15:46