Siri Skjerve og Toril Redalen sitt fellesprosjekt «Jordsmonn» er eitt av åtte prosjekt som til saman får 2,075 millionar kroner i tilskot frå Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Pengane skal gå til å skape arbeids-, visnings- og produksjonsfellesskap innan kulturell- og kreativ næring. Siri og Toril får 250.000 kroner i tilskot i tildelinga.
Ordninga skal legge til rette for utvikling av attraktive arbeidsfellesskap som bidreg til at fleire vil arbeide og bu i Møre og Romsdal. Ordninga skal auke talet på arbeidsplassar i fylket, støtte opp under kunstnardriven infrastruktur og aktivitet for å utvikle attraktive arbeids-, visnings- og produksjonsfellesskap i Møre og Romsdal, heiter det i ei pressemelding frå Kultur- og folkehelseutvalet.
Tilskotet er avgrensa til 50 prosent av totalkostnaden for kvart prosjekt, og er gjeve på vilkår av fullfinansiering. Søknadsfristen for tilskotet var i mai i år, og ved utløpet av søknadsfristen var det kome inn 16 søknadar, der altså halvparten av desse fekk altså tilskot.